IVAREGGA SKA  

Rønnaug Storrusten, 2540 Tolga -  mob.99.45.58.20  

storrust@fjellnett.no   

Bilder - Framsida - Fjøset - Jovollkjøtt -Julemat-Kart - Lammelår - Mat og drikke - Nytt -Steinbukken-Underholdning

Vinterstua

      NB: Historisk vandring langs Tålljefossen med

         J.H.Lillegjelten, Rørosmuseet. Sjå underholdning.

       

"De store skogstrekninger langs Glommen nordover fra Tønset

henlaa ganske ubeboet, indtil bergverksdriften

ved Røros begynte med anlæg av smeltehytter.

Da strømmede arbeidere til fra nærsagt alle kanter, og det forhen

saa øde dalstrøg blev hurtig befolket.

Saaledes gikk det ihvertfald i Tolgen, og derfor fik

bebyggelsen bymæssigt præg med smeltehytten som det sentrale punkt"

                                                         

      

Ivaregga ligg like ved Toljefossen, der koparverket på Røros hadde smeltehytte frå 1670-1870.

Dekorasjonen over kan minna oss om "den lange vegen" med

bergverksdrift, framkjøring av malm frå gruvene og den omstendige industrielle prosessen

 i smeltehyttene.

 Med det ferdige koparet ( Cu ) er ringen slutta. Alt på dekorasjonen er frå Ivaregga.

                        

Smeltehytta på Tolga og nokre av gardane i Gata. Vegen frå Røros kjem frå venstre. Bygningen heilt til høgre med gavlveggen mot oss er kølhuset. Til venstre for dette ligg sjølve smeltehytta. Til venstre for hytta ligg ei røsthytte. Huset med høgt klokketårn er hyttstuggu. (kjelde: S.A.Ødegaard.)

                                              

"I 1829 overgik der hytten en stor brand- kun "Kobbervegten og lodderne blev reddet" Dette blev betragtet som en Guds straffedom, fordi man i 1824 havde indføret høiovne til afløsning af de gamle krumovnene"

ps. Krumovnane kunne sløkkjast på helgedagar,

men ikkje dei nye høiovnane. Bildet er tatt av I.Øyan, og er frå Røros.

På bildet under ser du Ivaregga oppe i venstre hjørne.

" Skogen blev imidlertid hurtig nedhugget, da der trængtes en masse ved ( røstved ) til malmens afsvovling og en endnu større masse kul til selve smeltningen. Ikke længer end 20-25 år efter hyttens anlæg er derfor den svære skog mellom Erlien og Tolgen aldeles ødelagt, saa der føres klagemaal derover".

Bautaen har teksta:

Norges selvstendighet i 1814.

Kronskogens gienerhvervelse i 1895.

Reist 1914.        

p.s. Røros verk såg på skogen i circumferensen til verket som sin, og på Tolgen var det stadig tvistar mellom verket og bøndene fordi verket meinte dei hogg ulovleg i skogen. (Circumferensen var området som låg innafor ein radius på 45 km frå  Storwartz gruve ved Røros.)

         

Bergstaden Røros kom i 1980  til Unesco`s verdensarvliste.

Sju stader i Norge er sålangt på denne lista. 1. august 2010 vart

 verdensarven Røros bergstad utvida til å omfatta Circumferensen.    

"Verdensarvstatusen betyr at kulturlandskapet og bergverkssamfunnet i

Rørosregionen blir anerkjent som enestående og unikt i internasjonal

sammenheng."    www.verdensarven.blogspot.com

         

Ivaregga var ein husmannsplass under koparverket på Røros, og vart rydda på slutten av 1600-talet. H.D. Storbekken  måla i 2006 "kolkjøraren", her er det E. Storbekken som viser bildet. Mange av dei som arbeidde for Røros koparverk hadde gard ved sidan av. Dei fekk fri om sumaren for å gjera unna onna. Det var oksen og hesten som sørgde for transporten for verket, og jordbruket var difor tvingande nødvendig for å skaffe mat og for til arbeidarane og dyra.

Alle sitata er frå "Tolgen" av Ivar Sæter.                                         framsida